Sommaren er fylt med mange spanande arrangement og møteplassar. Dei er viktige for å skape liv og røre i alle krikar og krokar her på kysten, og skapar bulyst i små samfunn. Vi i Sandnes Fiskeoppdrett ønsker å vere ein samfunnsaktør som støttar opp om gode lokale tiltak. Derfor er vi med å støttar ulike arrangement, og Krabbefestivalen på Atløy er ein av desse.

Den 25 – 27. juli er det Krabbefestivalen på Atløy – eit årleg arrangement som samlar både små og store, lokalbefolkning og tilreisande til ei helg med aktivitetar, god mat og levande musikk ved sjøen. Høgdepunktet er det populære krabbebordet, der du kan nyte fersk og nykokt krabbe til ein er mett og nøgd. I tillegg byr festivalen på aktivitetar som krabbefiske, ansiktsmaling og båtturar. På kveldstid er et dans og konsertar, noko som skapar ei livleg stemning i bygda. Festivalen er eit godt døme på korleis lokalt engasjement og dugnadsånd kan skape gode opplevingar for små og store.

Viktig samlingsplass

Vi i Sandnes Fiskeoppdrett er imponerte over arbeidet som arrangørane legg ned for å skape ei inkluderande og livleg oppleving for folk i alle aldrar. Gjennom vårt samarbeid håpar vi å vere med på å styrke festivalen vidare, og vi ser fram til å delta – både som sponsor og som del av det engasjerte lokalmiljøet. Dette er ein fest vi gleder oss til!

Besøk Krabbefestivalen på Atløy