Det er alltid kjekt med nye fjes, og denne gongen er det Sindre Strandos som er det nye tilskotet hos Sandnes Fiskeoppdrett. Med lang erfaring frå kysten, er vi sikre på at han blir ein verdifull ressurs i teamet vårt. No er han klar for nye utfordringar hjå oss i Sandnes Fiskeoppdrett, men bedrifta er på ingen måte ukjend for han.
Sindre kjem frå jobben som fiskehelsebiolog i Akvavet Gulen, der han har vore i over 12 år. Han har jobba som ekstern fiskehelsebiolog i dei ulike oppdrettselskapa i Ytre Sogn og Sunnfjord, og er godt kjent med oppdrettsnæringa der.
Godt kjent med Sandnes Fiskeoppdrett
Sindre er utdanna fiskehelsebiolog frå Universitetet i Bergen, og han har opparbeidd seg både kompetanse og roen som trengst når det stormar litt rundt merdkanten. Jobben som fiskehelsebiolog er svært variert, alt frå å vere ute på anlegg og inspisere til internkontroll, oppfølging under avlusing, båtkontroll og å sjekke smoltkvalitet.
Lidenskap for fiskehelse
Gjennom tidlegare arbeidsgjevar Akvavet har eg vore fiskehelsebiolog hos Sandnes Fiskeoppdrett i fleire år. Eg kjenner allereie folka godt, og synest det har vore ein triveleg gjeng å kome til. Eg har sansen for å vere tett på drifta og samarbeide med folk som er lidenskapeleg opptatt av god fiskevelferd. Det har lenge vore eit ønske for meg å reindyrke fiskehelse hos ei bedrift, og påverke avgjersler. Det får eg her hos Sandnes, seier Sindre med eit smil.
Ein meir fleksibel arbeidskvardag
Mesteparten av fritida går til å vere småbarnsfar, fortel Sindre. I tillegg er han ei kreativ sjel og kan spele diverse instrument som gitar, bass og mandolin. Elles likar eg å sette meg ned med ei god bok og nyte utsikta frå stoveglaset i Lavikdalen, eller lytte til ei vinylplate på platespelaren. Det vert framleis litt pendling, men mykje mindre enn før. Då eg farta rundt omkring til dei ulike oppdrettselskapa blei det fort mange timar i bil. No har eg reiseveg på tre kvarter til Sandnes Fiskeoppdrett, og det går ganske fort. Min nye arbeidsgjevar er fleksibel, og dei dagane eg berre skal jobbe framfor skjermen kan eg sitte heime i Lavikdalen, fortel Sindre.
Klar for nye utfordringar
Sjølv om han arbeider med laks heile arbeidsdagen, er råvara fast inventar på kjøkkenet heime. Nokre skiver med røykelaks eller ovnsbakt laks er klare favorittar hos Sindre. Med reindyrking av fiskehelse hos ei bedrift, kortare pendlarveg og meir tid til familien er Sindre no klar for nye utfordringar i Sandnes Fiskeoppdrett. Velkommen til oss!