Kvalitet i generasjonar
I over 40 år har Sandnes Fiskeoppdrett vore ei familieeigd bedrift som driv berekraftig oppdrett av kvalitetsfisk langs den vestnorske kysten. Med tradisjonsrike røter og blikket retta mot framtida, kombinerer vi erfaring og moderne teknologi for å levere laks av høgaste kvalitet.
Jobb i ei framtidsretta næring
Sandnes Fiskeoppdrett produserar laks av høgaste kvalitet langs den vestnorske kysten. Vi er i vekst, og stadig på jakt etter fleire arbeidshender. Send oss gjerne ein open søknad – vi søker etter engasjerte og flinke folk som vil bidra til å skape verdiar i havnæringa.
Fokus på forebyggande arbeid
Vi trur at forebyggande arbeid mot lakselus er det beste for fisken. Ved å redusere behovet for handtering av fisken, brønnbåt-trafikk inn til lokalitet og unødig stress, så får fisken vere i fred. Ein fisk som ikkje blir unødig stressa vil trivast godt, og ha større sjanse for å halde seg frisk og vekse godt gjennom produksjonen.
Valget vi har tatt for å arbeide forebyggande mot lakselus på fisken vår er luselasere frå Stingray.
Nodene skyt lus av fisken og er eit verktøy som vi har stor nytte av. Stingray har spelt inn ein film, der fokuset er familiebedrifter, at tidene endrer seg, og at ved hjelp av teknologi så kan vi løyse nokre at dagens utfordringar.
Det er også spelt inn ein film til, der Sandnes Fiskeoppdrett er med i enkelte klipp. Då i lag med andre som også bruker samme teknologi.
Sandnes Fiskeoppdrett ser framover, der folka og teknologien arbeider i lag!




